Varelevering Voss (ikkje mogeleg på noverande tidspunkt)

Retningslinjer for kjøp av daglegvarer frå Underdalsbui, med levering på Voss.

For å tilby Lyoness medlemer tilgang til daglegvarer med medlemsfordelar, har Underdalsbui sett i gang eit prøveprosjekt på dette frå veke 51.2014.

Dersom interessa for dette kan forsvare eit slikt tilbod vil me halde fram med dette utover i 2015. Det vil bli lagt ut oppdaterte varelister kvar veke i denne nettbutikken, der de enkelt kan fylle ut det de ynskjer av varer og evt. føye til varer de ikkje finn på lista. Det vil òg bli lagt ut spesielle vekestilbod og deals der de kan bruke SP.

 

Deals les du meir om her.

For at dette skal gå så knirkefritt som mogeleg, legg me inn nokre punkt som alle må forholde seg til, sidan dette er eit servicetilbod til medlemane frå oss.

  1. Underdalsbui tek imot ordre seinast TORSDAG KL 12.00 og leverer varene på Voss påfyljande fredag.
  2. Varene vert levert med faktura, og Lyonessfordelar vil bli registrert når denne er betalt.
  3. Kunden vil få varene fraktfritt levert ved ordre over kr. 1500,-. For mindre ordrar Kr 50,- i leveringsgebyr.
  4. Varene vil bli levert ut på eigna stad på Voss i ein tilmålt periode. Varer kan sjølvsagt bli henta av andre, men vil ikkje kunne bli tatt vare på for seinare henting. Dette då me ikkje har noko mogelegheit for returordning eller oppbevaring av varene.
  5. Det betyr at tinga varer må hentast og betalast, før ein evt. kan få tinga ei ny levering.
  6. Utleveringstidspunkt blir denne fredagen mellom kl. 16:00 og 17:00. Varene vert utlevert frå bil på parkeringsplassen bak RIMI.  Kontaktperson: Sigbjørn Styve mob. 97080844.
  7. For å kunne halda oppe denne leveringa, vil me måtte sette eit totalt minimumsbeløp pr veke over tid med kr. 1500,-. Kundane kan prøve ut ordninga med mindre ordrar.
  8. Det vert sendt ut ordreliste i Excel-format på e-post. Lista er også tilgjengeleg for nedlasting her.

Undredal 15.des. 2014

Leif Inge Underdal