Produktinfo geitost og spekepølse

GEITOST 

FRÅ UNDREDAL STØLSYSTERI

PRODUKTINFORMASJON   GEITOST

Produsent er Underdal Stølsysteri – eit moderne ysteri basert på tradisjonelle prinsipp for ysting med utgangspunkt i fersk upasteurisert råvare / geitemjølk.

Ysteriet er lokalisert på ein av stølane i Undredal og starta produksjonen i februar 2003.

Framleis er det visst det einaste ysteriet i Noreg med full autorisasjon for produksjon og sal av kvit geitost av upasteurisert geitemjølk.

KVIT UNDERDALSGEITOST

KVITOSTEN ER    ”DEN EIGENTLEGE GEITOSTEN” 

Den er laga av ostestoffet i fersk upasteurisert heilmjølk av geit – 100 %.

Av denne osten vert det no laga to variantar – begge er faste ostar:

SOGNEKVITOST

kallar vi den tradisjonelle kvite Undredalsgeitosten

Den er utan salt og mogna etter lokal tradisjon med grå hyvekst.

Dette er den originale kvite Underdalsosten etter Sognetradisjonen.

KVIT UNDREDAL

Er ein salta kvit geitost utvikla dei siste 20 åra av Undredal Stølsysteri,.

Denne osten er ein meir kontinental variant av kvit geitost – i familie med Europeisk fjellost, vaska med saltvatn under mogning og lagra i eit miljø utan hyvekst. (muggkultur).

Den salta kvite Underdalsosten har fått mange prisar ved smaks – utstillingar.

KVIT GEITOST vert vanlegvis no levert utan at hyveksten på overflata / skorpa er fjerna, då det gjev betre haldbarheit på osten. 

Heil ost vert laga i to storleikar om lag 1, 6 kg  og 3 kg., men vi kan levere mindre stykke etter ynskje.

Merka med produktetikett med varedeklarasjon, mogningskategori og produksjonsdato.

 

MOGNING

Det er mogninga av kvitosten som gjev smak til osten, vi har no 3 mogningskategoriar:

Nylagra ost, mogna 6 – 12 veker

Mellomlagra ost, mogna 3 – 6 mnd.

Vellagra type over 6 mnd. ( Vanlegvis frå 8 månader og eldre)

Den mellomlagra kvite geitosten er ”mellomsterk” i smaken, ikkje mild som den nymogne osten, men heller så ikkje så aromatisk som den vellagra.

Osten skal lagrast på kjøl og vernast mot utturking.

BRUN  UNDERDALSGEITOST

Dette er den velkjende ”Underdalsosten”, kokt av fersk geitemyse og 10 % fløyte frå kumjelk.

Den brune Underdalsosten har òg fått mange prisar ved smaks – utstillingar.

Det vert òg laga ein geitost spesielt for folk med mjelkeallergi. Den er kokt av 100%  fersk  geitemyse, altså heilt utan fløyte frå kumjelk. Denne osten har mindre feittinnhald, og er litt turrare i konsistensen.

Brun geitost vert levert voksa, og skal lagrast på kjøl.

Datomerking: Best før:  3 månader frå produksjonsdato.  Men dersom voksen er uskadd er den eit fullgodt produkt langt lengre.

Vanleg storleik på osten er 1,5 kg, men den kan leverast både større og mindre.

Meir informasjon om Undredalsosten og Undredal Stølsysteri finn du på nettsida: www.undredalsost.no

De er òg velkomne innom på våre nettsider www.visitundredal.no

Der vil de finn informasjon om kva meir me har å by på i Undredal.

Spekepølse av geitekjøt

Pølsa er laga av lokalt kjøt av geit heilt utan anna kjøt eller spekk, utan konserveringsmiddel og krydder og produsert av Evanger Pølsefabrikk på tradisjonelt vis.

Pris- og leveringsvilkår.

Sjå eigen informasjon om prisar og lagersituasjon.

VELKOMEN TIL EIN NY SESONG MED GEITOST FRÅ UNDREDAL!

Helsing Underdal Geitost Engros og Detalj – Øystein Underdal AS

Leif Inge Underdal ( dagleg leiar )

Epost: leifinge@visitundredal.no