Geitosten

CM1B3077

Geitost med sjel

Dei dugande bøndene bak Undredal Stølsysteri har no snart gjennomført ein ny sommar på stølen med produksjon av god kvalitetsost. Men framleis kan du få NYLAGA BRUN GEITOST, som me lokalt kallar brimost. Me har mønsterostar og gåveøsjer som egnar seg godt til presangar då den har svært god haldbarheit.

Av den KVITE GEITOSTEN kan me no levere alle mogningsgrader av KVIT UNDREDAL ( salta), altså den med minst mogningstid – NYLAGRA mogna omlag 2 mnd., MELLOMLAGRA om lag 4 mnd mogning og VELLAGRA, som no er mogna om lag eitt år. Av SOGNEKVITOST har me no kun NYLAGRA. Det er den tradisjonelle typen av kvit geitost uten salt.  KVIT UNDREDAL, er ein salta ost meir i slekt med europeiske fjellostar. KVIT GEITOST er eit spanande produkt med stor variasjon i smak etter kva mogningsgrad det er, alt frå mild nylagra ost til vellagra ost med meir smak. Den mest eksklusive kvite geitosten er er den som er lagra lengst. Vi har no VELLAGRA KVIT UNDREDAL med over eitt års mogning, forresten kåra til ÅRETS OST i Norge i 2011 og 2012. MELLOMLAGRA KVIT UNDREDAL er ein ost som passar til nesten kva det skal vere både for liten og stor osteelskar.

De kan lese meir om dette her.

 

Legg inn ein ordre i NETTBUTIKKEN  og me sender pr post.

 

Spekepølse av geit frå Undredal

100% geitekjøt, utan krydder og konserveringsmiddel. Kan du få frå Underdalsbui.

Spesial ostehøvel for Brun geitost

Av skikkeleg god brun geitost treng du kun ei tunn skive av osten for å få den rette smaken. Me har ein spesiallaga Ostehøvel for Brun Geitost, med Undredal-logo! Utvikla av Norges eldste ostehøvelprodusent Bjørklund i samarbeid med oss. – Klebefritt stål,  Rett og tynt snitt, Oppvaskmaskin-sikker Same type for KVITOST, med bølga snitt for tjukkare skiver. Pris: 199,-  for begge varianter!